Loading good stuff...
menu
 

Skreddarsaum på Juvet

Vi tilbyr rolige, skjerma og inspirerande omgivnader for både privatpersonar og bedrifter som ønskjer å lage sine eigne opplegg – om det er eit privat arrangement, ei viktig leiarsamling eller eit hektisk strategimøte.

Vi har alle fasilitetar. Kontakt oss, så hjelper vi dykk med å leggje til rette for eit nyttig og inspirerande opphald.

Vi tilbyr:

  • ti doble/enkle landskapsrom
  • fire rom i våningshuset, to senger i eit sel på tunet, og éi seng i eit kvernhus nede ved elva
  • møterom med prosjektør, trådlaust nettverk og tusjtavle/arktavle
  • all mat, møtemat og drikke etter avtale – vi har alle rettar
  • fri bruk av badeavdelinga med dampbadstove og utandørs varmestamp
  • tilbod om å vere med på juving, rafting, turar, jakt, villmarksleir, enkel klatring osv.
  • organisert transport til og frå Juvet

Juvet – skjerma og inspirerande omgivnader for fagleg og sosialt utbytte

 

Eit minne for livet

Ønskjer de ei spesiell ramme rundt ein svært spesiell dag? Vi lovar at ei feiring på Juvet blir ei minnerik oppleving.

Dersom de leiger juvet frå fredag til søndag, står desse fasilitetane til rådvelde for dykk:

• 35 oppreidde senger – 20 i dei nye landskapsromma og 15 i dei gamle husa på garden

• fri bruk av badeavdelinga med til dømes dampbadestove og utandørs varmestamp

• matsalen i Fjøsen med plass til 50 personar, og Låven med plass til 60 personar

• kjøkkenet på Juvet med alt utstyr og dekketøy for inntil 60 personar

Kanskje ønskjer de at vi organiserer noko spesielt for bryllaupsgjestene dykkar? Ein raftetur eller juving i elva, klatring … eller kanskje noko anna?

Juvet – ei flott ramme rundt ein spesiell dag