Loading good stuff...
menu
 

Vinter

Velkomne til vinteren, vår absolutte favorittårstid! Sjølv om sola er vekk, kan mørketida vere lys og strålande vakker når snøen lyser opp landskapet. Frå midten av februar er det duka for fantastiske ski- og vinteropplevingar i området vårt. Om vi ikkje er klare for dei store kraftprøvene i naturen, kan vi ganske enkelt berre nyte vinteren. Kjenne lukta av snø. Høyre knirkinga i stega våre. Nyte synet av millionar av glitrande krystallar. Kjenne dei blå kuldegradene som småbit oss i kinna.
«Mørketida – full av lys og glitrande opplevingar»


Når året framleis er kvitt og uskuldig, passar det fint å ta med avdelinga i bedrifta til Juvet på samling eller seminar – ikkje berre for det sosiale, men også for fagleg utbyte.

Vinteren er ei fantastisk årstid, og ho er utmerkt for å drive framoverretta styre- og strategiarbeid. Vi tilbyr rolige, skjerma og inspirerande omgivnader for både privatpersonar og bedrifter som ønskjer å lage sine eigne opplegg – om det er eit privat arrangement, ei viktig leiarsamling eller eit hektisk strategimøte.
 
Toppturar
For den som er glad i ski og snø, har området vårt utruleg mange opplevingar å by på. Vi har tallause flotte fjell i eit svært variert landskap – frå meir avrunda berg med fjordutsikt til alpine tindar (opp mot 1850 moh.) med bratte nedkøyringar i området mot Trollstigplatået eller innover i Tafjorden.

Vi kan òg ta turen til fjella ved Hjørundfjorden, kanskje den vakraste fjorden av dei alle, og strekkje oss mot toppar som Slogen, Råna, Kolåstinden, Randers topp og Skårasalen – dei er berre ein times køyretur unna. 
 
Det beste av alt er at sjølv om du bur langt unna oss, så er dei store og reine vinteropplevingane berre nokre timar unna. Til dømes tek det to timar med fly frå London, og halvannan time frå København og Schipool. Frå Oslo Gardermoen går det ti direktefly kvar dag til Ålesund lufthamn Vigra – så velkomen skal du vere til djup snø, frisk luft og glade opplevingar i vinterfjella!
 
Pakketurar for grupper
Vi tilbyr ferdige turpakkar der vi tek oss av alt det praktiske.
– Vi ordnar all transport på turen, medrekna skyss til og frå flyplassen.
– Lokal mat og historieforteljing høyrer med – på kva betre vis kan du og reisefølgjet ditt bli kjende med livet i området på?
– Vi har lokale, godkjende IUAGM-guidar (dersom du treng ein) og all lokalkunnskapen som trengst.
 
Dersom du vil vite meir, kontakt oss på e-post eller telefon.
 
 
Direkte frå Juvet
Vi kan spenne på oss skia rett utanfor landskapshotellet og sikte mot Trollkyrkja 1772 meter over havet, eller vi kan ta ein slakare tur med fjellski eller langrennski i dalføra framover mot Trollstigen. Og om vi ikkje har fått nok, legg vi ut på tur om kvelden og natta, på truger eller ski, når det berre er månen som viser veg.

Finaste turen over eit fjellparti får vi når vi startar på Hauge i Fjøra. Derifrå går turen over Mefjellet eller Blåtinden, med ei fenomenal nedkøyring via Sandfjellet eller Trollkyrkjebreen, og rett ned i tunet i Burtigarden, der vi tek av oss skia og går rett i dampbadstova eller badestampen.
 
Vi på Juvet kjenner området som vår eiga bukselomme, og kan hjelpe deg med alt du treng, om det er tips til turar som passar akkurat for deg og dine interesser, kart, råd om utstyr og guiding i området.
 
Vi skal også minne deg på å ta med deg niste og varm og kald drikke når du legg ut på lengre turar – det er ein del av den norske friluftskulturen som du kan ha glede av få med deg.
 
Off-piste-køyring på Strandafjellet
Det storarta Stranda skisenter gir ein ihuga skikøyrar som liker off-piste-køyring og å lage låm utanfor allfarveg, eit kick på grensa til det uventa. Skisenteret ligg berre 45 minutt unna, og er kåra til det beste pudderanlegget i Skandinavia.
 
Vi ordnar gjerne med guide om du treng hjelp til å finne dei bortgøymde perlene, slik at du får lage dine eigne løyper.

Delar av anlegget er opplyst for kveldskøyring, og topp moderne snøkanonar sørgjer for at det er gode snøforhold gjennom sesongen. Dei som føretrekkjer å gå på ski framfor å stå på ski, kan nyte 15 kilometer med oppkøyrde løyper i eit «grenselaust» og herleg turområde.
 
Stranda er også eit perfekt utgangspunkt for toppturar til for eksempel Brunstadkollen og Ytstevasshornet, og til Slogen og turistforeiningshytta Patchellhytta. 
 
Byliv
Vi som bur på Sunnmøre, kan hauste det beste av både bygdelivet og bylivet. Den vakre kystbyen Ålesund –  «hovudstaden» på Sunnmøre – ligg berre halvannan køyretime unna Juvet, og er nesten obligatorisk å få med seg for dei som er interesserte i arkitektur og det marine livet.
 
Det bur opp mot 50 000 innbyggjarar i denne byen som får sine daglege dosar med sjøsprøyt i ansiktet, der han sit med føtene i vatnet og nyt utsikta mot havet. Byen er sjølve porten mellom storhavet utanfor og fjordane innover i landet. Fiskerinæringa var viktig for framvoksteren av byen frå 1800-talet, byen har i dag ein av dei største havfiskeflåtane i landet, og er ei viktig og trygg hamn og ein sentral handelsby for regionen.
 
 Du bør rett og slett gå dei 424 trappetrinna opp til Fjellstua og nyte synet av byen, av havet og øyriket rundt. Reiser du til Ålesund via Hjørundfjorden og får med deg 15.10-ferja frå Sæbø til Trandal og Standal, får du eit lite minicruise som du ikkje gløymer så lett.
 
Jugendbyen Ålesund
850 hus låg i oske etter den store bybrannen i Ålesund i januar 1904. Berre éin person døydde i brannen, men ti tusen menneske var blitt heimlause.  Ålesundarane fekk hjelp frå heile landet til å byggje opp att byen sin, og særleg hjelp fekk dei frå keisar Wilhelm II av Tyskland. På få år blei Ålesund bygd opp som ein moderne by i jugendstil, og husa frå denne tida pregar framleis byen.

Jugendstilsenteret, som held til i det urørte apotekbygget ved kanalen som har gitt namn til byen, er eitt av dei nesten 400 husa som vart bygde opp att i art nouveau-stil eller jugendstil etter brannen. Besøk Jugendstilsenteret og få eit innblikk både i historia om bybrannen og den store gjenoppbygginga av byen.
 
Ønskjer du å overnatte i Ålesund på veg til eller frå Juvet, bør du prøve Brosundet hotell – eit gammalt fiskepakkhus som er omgjort til hotell, innreidd av dei verdskjente arkitektane i Snøhetta.
 
Livet til havs
Pulsen i hamnebyen Ålesund er uløyseleg knytt til havet. Befolkninga kan kunsten å setje sjøbein, og ikkje minst kan dei kunsten å ferdast når stormane står på – som ikkje er sjeldan. Tradisjonelt har byen levd av livet både under og over havoverflata, og byen har merkt seg ut både når det gjeld fiske og skipsfart i regionen.
Ikkje rart då at du finn Atlanterhavsparken her, som gjer at du varm og tørrskodd kan verte kjend med og beundre det rike mangslungne livet under havflata.

Er du ikkje redd for sjøsprøyt, kan du dra på havfiske med Actin og Stein Magne, ein av dei mest røynde havfiskeguidane ved kysten. Stein Magne garanterer alltid fangst – og ikkje minst får du nokre gode historier med på ferda. Fangsten kan du ta med deg tilbake til Juvet, så lagar vi noko godt.