Loading good stuff...
menu
 

Vår

Alt er ein overgang, og i mars–april–mai nyt vi fleire årstider på éin gong. Våren er årstida som rommar det breiaste spennet. I fjellet er det framleis vinter, medan det er vårleg, grønt og varmt nede ved fjorden.

«Jeg velger meg april
I den det gamle faller,
i den det ny får feste;
det volder litt rabalder, –
dog fred er ei det beste,
men at man noe vil.»
Bjørnstjerne Bjørnson, 1869
Vi ser på at alt vaknar til liv, vi nyt sola og lyset, bjørka som susar i frisk grønlet, skiturar i kortbukser, frekner på solvarm hud, rafting, juving og ein tur med kajakken på fjorden. Og det er fisk å få i fjorden om du er av den fiskeglade sorten.

I vårløysinga passar det fint å ta med avdelinga i bedrifta til Juvet på samling eller seminar– ikkje berre for det sosiale, men også for fagleg utbyte.

Våren er ei fantastisk årstid, og ho er utmerkt for å drive framoverretta styre- og strategiarbeid. Vi tilbyr rolige, skjerma og inspirerande omgivnader for både privatpersonar og bedrifter som ønskjer å lage sine eigne opplegg – om det er eit privat arrangement, ei viktig leiarsamling eller eit hektisk strategimøte.

 
Vårskikøyring
Å gå på ski i vårsola i april, mai og juni – kanskje i kortbukse og med bar overkropp – er balsam for lekam og sjel.
 
Etter kvart som vegen framover mot Trollstigen vert opna, er det lett å ta seg fram til toppane rundt Trollstigplatået. På berre to–tre timar kan vi enkelt nå eit knippe av toppar på nesten 1800 meters høgd: Ringshornet, Storfjellet, Alnestinden, Breitinden.
 
Vi kan til og med nå inn til toppen av Trollveggen (den høgste vertikale fjellsida i Nord-Europa) ved Stabben eller Bruraskaret, og sjå rett ned i Romsdalen.
 
Vi kan starte direkte frå Juvet også: Først traskar vi med skia festa til sekken i ein halvtime, deretter spenner vi på oss skia og siktar mot Trollkyrkja (1750 moh.) og Høghornet (1450 moh.). Dette kan vi gjere til ut i byrjinga av mai – ei våroppleving du ikkje gløymer så lett!
 
Stranda skisenter stengjer ikkje før 1. mai, og det er fullt mogleg å oppleve forfriskande pudderkøyring der i slutten av april.
 
 
Rett utanfor Juvet
Små dagsetappar og rundturar – du må ikkje fare langt. Her er mykje å utforske, og dei små, løynde perlene ligg rett utanfor dørstokken din når du bur på Juvet.
Du er jo allereie på historisk grunn, i området der Olav Haraldsson, kongen som etter sin død på Stiklestad i 1030 blei kanonisert til helgen, overnatta under ein heller på si flukt gjennom Valldal mot Sverige vinteren 1028/29.

Her på Alstad fekk han mirakuløst rydda veg gjennom ei ugjennomtrengjeleg ur, Skjervsura, og i dag kan du gå denne vegen, som blir kalla Olavsvegen. Du kan også drikke av Olavskjelda, som etter segna skal halde deg frisk frå sjukdom.
 
Vi på Juvet kjenner området som vår eiga bukselomme, og kan hjelpe deg med alt du treng, om det er tips til turar som passar akkurat for deg og dine interesser, kart, råd om utstyr og guiding i området.

Vi skal også minne deg på å ta med deg niste og varm og kald drikke når du legg ut på lengre turar – det er ein del av den norske friluftskulturen som du kan ha glede av få med deg.

Vel attende på Juvet kan du slappe av i badeavdelinga ved elva og nyte fred og ro og høvet til å tenkje over det du har opplevd.
 
 
Vått, vilt og vakkert
Valldalen er ein vakker og frodig dal, ei velstelt og grøderik landbruksbygd, og ein populær stad for folk som er glade i små og store naturopplevingar og eit lunt klima.
Elva som snor seg gjennom dalen, har ei lang historie som lakseelv, men ho er også ei av dei finaste elvane for andre opplevingar i ferskvatn.

Du kan rafte frå fossen på Hoel og heilt ned til fjorden, ei strekning på meir enn elleve kilometer som byr på både små dropp, bakevjer, skummande stryk og mjuk seglas.
Elva skal vere ei av dei beste elvane å prøve seg i for førstegongsraftarar. Ta kontakt med Valldal Naturopplevingar for å melde deg på ei frisk oppleving på elva!

Juving
Om vassføringa ikkje er for stor, kan du vere med på juving i Kringla nedanfor det stupbratte og dramatiske Gudbrandsjuvet. Der er det rappelering, burmabru, løypestreng over elva og «bodyrafting» nedover elva forbi dei nye romma på Juvet. Vi avsluttar med å symje i land i Stamphølen og sleppe oss ned i badestampen på Juvet og kjenne at kroppen finn tilbake til normaltemperaturen.  
 
Opplevingar på fjorden
Du har høve til å padle innover ein av dei mest dramatiske fjordarmane i Noreg. Valldal Naturopplevingar leiger ut kajakkar og elles alt du treng for slike opplevingar.  Du kan også leige båt og fiske i den fiskerike fjorden.
På sørsida av fjorden kan du vitje dei fråflytta fjord- og fjellgardane Kaste, Kvernhusneset og Osvika.

På nordsida av fjorden, rett innanfor Fjørå, kan du sjå merke i fjellsida etter den store Tafjordulykka i 1934. Nesten 40 menneske frå Fjørå og Tafjord miste livet i flodbølgja etter dei 300 000 kubikkmetrane med stein som rausa i fjorden frå fjellpartiet Heggurda.

Tafjord
Tafjord er ei heilt spesiell bygd som har mange historier å fortelje, blant anna historia om geologien, om det spesielle biologiske mangfaldet, historia om utbygginga av rein vasskraft – og ikkje minst historia om dei reine naturopplevingane frå hytte til hytte i Tafjordfjella.

I området er det spor etter menneska og kampen for å overleve overalt. På dei høgste toppane finn vi fangstanlegg etter veidefolket som kom til området då isen trekte seg tilbake for 10 000–11 000 år sidan. I fjella elles er det mange gamle ferdselsvegar, og setrane vitnar om stølsdrifta som tok slutt i 1950-åra.

Den vel 90 meter høge Zakariasdemninga i Tafjord vart bygd i 1967, og er ein del av den omfattande kraftproduksjonen som går føre seg i fjella rundt denne bygda. Kraftmuseet nede i bygda fortel om utbygginga og utviklinga av rein vasskraft, og viser korleis denne «kvite» krafta har gitt nytt grunnlag for liv.

Skredsenteret i Tafjord fortel ei anna, dramatisk historie: historia om dei farlege fjella, om ras som har gått – og om ras som kan kome.

Ålesund-Sunnmøre Turistforening har eit nettverk av ti ubetente og betente turisthytter i Tafjordfjella, med Reindalseter som midtpunkt. Hyttene ligg i passelege dagsmarsjar frå kvarandre, og har alle kvart sitt preg. Felles for dei alle er at dei ligg i eit
 
Opplev Geiranger
Våren er ei fin tid til å ta turen til Geirangerfjorden, som er ein del av verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap.
 
Det bur berre vel 250 menneske i Geirangerbygda vinterstid, medan det om sommaren kan vere fullpakka av turistar som kjem både via fjorden og på landevegen. Sidan det ikkje blir skikkeleg travelt her før høgsesongen byrjar i juni, det fantastisk å kunne rusle gjennom denne fine bygda på vårparten, før turistsesongen brakar laust.  

Eit besøk i verdsarvsenteret Fjordsenteret er nesten obligatorisk, og gir deg innsikt både i den vesle kulturhistoria og store geologiske historia til området vårt.
 
Geirangerfjorden
Den vidgjetne Geirangerfjorden står på verdsarvlista til UNESCO. Her finn du dei mektige fossefalla «Dei sju systrene», «Bruresløret» og «Friaren», som frå svimlande høgder kastar seg ned loddrette berg og knuser vassflata i den mørke fjorden. Framleis kan du sjå gardsbruka som klamrar seg fast i dei bratte fjellsidene langs fjorden. Det har vore drive jordbruk her i fleire hundre år, men i dag er desse fjellgardane fråflytta – folket stengde dørene til dei siste gardsbruka i andre halvdelen av 1900-talet. Ferjeturen mellom Hellesylt og Geiranger tek vel éin time, og frå ferja har du orkesterplass til denne storslåtte naturen med dei mange kulturminna – anten det er frå soldekket eller medan du nyt eit velsmakande måltid i salongen.

Det går òg ferje i skuleferien mellom Valldal og Geiranger. Den turen tek om lag tre timar.
 
Byliv
Vi som bur på Sunnmøre, kan hauste det beste av både bygdelivet og bylivet. Den vakre kystbyen Ålesund –  «hovudstaden» på Sunnmøre – ligg berre halvannan køyretime unna Juvet, og er nesten obligatorisk å få med seg for dei som er interesserte i arkitektur og det marine livet.
 
Det bur opp mot 50 000 innbyggjarar i denne byen som får sine daglege dosar med sjøsprøyt i ansiktet, der han sit med føtene i vatnet og nyt utsikta mot havet. Byen er sjølve porten mellom storhavet utanfor og fjordane innover i landet. Fiskerinæringa var viktig for framvoksteren av byen frå 1800-talet, byen har i dag ein av dei største havfiskeflåtane i landet, og er ei viktig og trygg hamn og ein sentral handelsby for regionen.
 
 Du bør rett og slett gå dei 424 trappetrinna opp til Fjellstua og nyte synet av byen, av havet og øyriket rundt. Reiser du til Ålesund via Hjørundfjorden og får med deg 15.10-ferja frå Sæbø til Trandal og Standal, får du eit lite minicruise som du ikkje gløymer så lett.

Jugendbyen Ålesund
850 hus låg i oske etter den store bybrannen i Ålesund i januar 1904. Berre éin person døydde i brannen, men ti tusen menneske var blitt heimlause.  Ålesundarane fekk hjelp frå heile landet til å byggje opp att byen sin, og særleg hjelp fekk dei frå keisar Wilhelm II av Tyskland. På få år blei Ålesund bygd opp som ein moderne by i jugendstil, og husa frå denne tida pregar framleis byen.

Jugendstilsenteret, som held til i det urørte apotekbygget ved kanalen som har gitt namn til byen, er eitt av dei nesten 400 husa som vart bygde opp att i art nouveau-stil eller jugendstil etter brannen. Besøk Jugendstilsenteret og få eit innblikk både i historia om bybrannen og den store gjenoppbygginga av byen.
 
Ønskjer du å overnatte i Ålesund på veg til eller frå Juvet, bør du prøve Brosundet hotell – eit gammalt fiskepakkhus som er omgjort til hotell, innreidd av dei verdskjente arkitektane i Snøhetta.

 
Livet til havs
Pulsen i hamnebyen Ålesund er uløyseleg knytt til havet. Befolkninga kan kunsten å setje sjøbein, og ikkje minst kan dei kunsten å ferdast når stormane står på – som ikkje er sjeldan. Tradisjonelt har byen levd av livet både under og over havoverflata, og byen har merkt seg ut både når det gjeld fiske og skipsfart i regionen.
Ikkje rart då at du finn Atlanterhavsparken her, som gjer at du varm og tørrskodd kan verte kjend med og beundre det rike mangslungne livet under havflata.

Er du ikkje redd for sjøsprøyt, kan du dra på havfiske med Actin og Stein Magne, ein av dei mest røynde havfiskeguidane ved kysten. Stein Magne garanterer alltid fangst – og ikkje minst får du nokre gode historier med på ferda. Fangsten kan du ta med deg tilbake til Juvet, så lagar vi noko godt.