Loading good stuff...
menu
 

Sommar

Om sommaren er det høgsesong for rafting, elvepadling, fjordfiske, kajakking, klatring og juving. Men sommaren er ikkje minst tida for spennande ekskursjonar i området vårt. Vi skal ut å oppdage, sjå og leike – og du skal ikkje sjå bort frå at vi også lærer noko nytt.
 
Det er lett å ferdast på sommarstid, og mange spennande opplevingar ligg berre nokre steinkast unna – anten det er opplevingar knytte til natur, folkeliv, arkitektur, kulturhistorie, geologi eller biologi som er interessefeltet ditt.
 
Ei reise er berre ein omveg heim – og den som reiser, har noko å fortelje.
 
Vi på Juvet kjenner området som vår eiga bukselomme, og kan hjelpe deg med alt du treng, om det er tips til turar som passar akkurat for deg og dine interesser, kart, råd om utstyr og guiding i området.

Rett utanfor Juvet
Små dagsetappar og rundturar – du må ikkje fare langt. Her er mykje å utforske, og dei små, løynde perlene ligg rett utanfor dørstokken din når du bur på Juvet.
Du er jo allereie på historisk grunn, i området der Olav Haraldsson, kongen som etter sin død på Stiklestad i 1030 blei kanonisert til helgen, overnatta under ein heller på si flukt gjennom Valldal mot Sverige vinteren 1028/29.

Her på Alstad fekk han mirakuløst rydda veg gjennom ei ugjennomtrengjeleg ur, Skjervsura, og i dag kan du gå denne vegen, som blir kalla Olavsvegen. Du kan også drikke av Olavskjelda, som etter segna skal halde deg frisk frå sjukdom.

Vi skal også minne deg på å ta med deg niste og varm og kald drikke når du legg ut på lengre turar – det er ein del av den norske friluftskulturen som du kan ha glede av få med deg.


 
Opplev Geiranger
Det bur berre vel 255 personar i Geiranger om vinteren, medan verdsarvbygda er reine valfartsstaden midt på sommaren, med rundt 700 000 tilreisande som kjem både langs landevegen og med skip på fjorden for å oppleve ein levande bit av fjordlandskapet i Noreg.

Det går bilveg til Dalsnibba 1550 meter over havet, og eit besøk i verdsarvsenteret Fjordsenteret gir innsikt både i kulturhistoria og den geologiske utviklinga til området vårt.

Sommaren er ei fin tid til å ta turen på Geirangerfjorden, som er ein del av verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Vi tek gjerne ferja frå Valldal til Geiranger eller frå Geiranger til Hellesylt.

Langs Geirangerfjorden kastar dei mektige fossefalla «Dei sju systrene», «Bruresløret» og «Friaren» seg frå svimlande høgder ned loddrette berg og knuser vassflata i den mørke fjorden. Framleis kan vi sjå dei fråflytta gardsbruka som klamrar seg fast i dei bratte fjellsidene langs fjorden.

Ferjeturen mellom Hellesylt og Geiranger tek vel éin time, og frå ferja har vi orkesterplass til denne storslåtte naturen med dei mange kulturminna – anten det er frå soldekket eller medan vi nyt eit velsmakande måltid i salongen.

Ferja mellom Geiranger og Hellesylt går frå 1. mai til 30. september, medan det går ferje mellom Valldal og Geiranger i ein kortare periode frå 20. juni til 20. august.


 
Til topps i Fjørå
Fjørå er ei lun «klivrebygd» som har tærne i fjorden og hovudet på dei luftigaste stader, og det er lett å kome seg på fjelltoppane herifrå.
Frå «taket» til Fjørå kan vi ta inn landskapet frå alle kantar, utsikta er formidabel – og nedfarten på sykkel er fantastisk!
 
Vi køyrer først opp til Hauge (400 moh.) og parkerer. Herfrå kan vi følgje ein gammal seterveg til fots opp til Nysætra 800 moh. Turen tek ein liten time, og då får vi den flottaste fjordutsikta vi kan tenkje oss.

Frå Nysætra kan vi følgje råsa som startar bak det øvste selet, til Mefjellet 1100 moh. Herifrå har vi utsikt både innover mot Tafjorden og ned i Valldalen mot nord.
 
Vi kan òg følgje råsa frå Nysætra og tilbake til Juvet via Trollkyrkjebotn, Sandfjellet, Heisætra og Alstadsætra.  Denne turen over fjellet tek om lag fire–fem timar, men går i lett terreng.
 
 
 
Kreftene i Tafjord
Tafjord er ei heilt spesiell bygd med mange historier å fortelje, blant anna historia om geologien, om det spesielle biologiske mangfaldet, historia om utbygginga av rein vasskraft – og ikkje minst historia om dei reine naturopplevingane frå hytte til hytte i Tafjordfjella.

I området er det spor etter menneska og kampen for å overleve overalt. På dei høgste toppane finn vi fangstanlegg etter veidefolket som kom til området då isen trekte seg tilbake for 10 000–11 000 år sidan. I fjella elles er det mange gamle ferdselsvegar, og setrane vitnar om stølsdrifta som tok slutt i 1950-åra.

Den vel 90 meter høge Zakariasdemninga i Tafjord vart bygd i 1967, og er ein del av den omfattande kraftproduksjonen som går føre seg i fjella rundt denne bygda. Kraftmuseet nede i bygda fortel om utbygginga og utviklinga av rein vasskraft, og viser korleis denne «kvite» krafta har gitt nytt grunnlag for liv.

Skredsenteret i Tafjord fortel ei anna, dramatisk historie: historia om dei farlege fjella, om ras som har gått – og om ras som kan kome. Ålesund-Sunnmøre Turistforening har eit nettverk av ti ubetente og betente turisthytter i Tafjordfjella, med Reindalseter som midtpunkt. Hyttene ligg i passelege dagsmarsjar frå kvarandre, og har alle kvart sitt preg og kvar si historie. Felles for dei alle er at dei ligg i eit heilt fantastisk turområde som er kjent for sin særeigne geologi og sitt spesielle biologiske artsmangfald.
 
 
 
Kjenn suget på Trollstigen
Trollstigen – ikkje rart at denne storslåtte naturen har fått slikt eit namn. Vi leitar etter dei opplevingane som berre naturen gir, og nyt kontrastane mellom naturen og dei moderne byggverka som Nasjonal turistveg har oppført. Her er utkikkspunkt som får sjølv dei tøffaste til å gyse av skrekk!
 
Trollstigen er eit glimrande utgangspunkt for fjellturar. Her treng du ikkje å utmatte deg i krattskog før du kjem opp i høgfjellandskapet, men kan lett ta deg fram til toppane rundt Trollstigplatået. På berre to–tre timar kan du kome deg til ein av fleire toppar på nær 1800 meters høgd: Bispen, Ringshornet, Storfjellet, Alnestinden, Finnan og Breitinden.

Du kan endåtil nå inn til toppen av Trollveggen (den høgste vertikale fjellsida i Nord-Europa) ved Stabben eller Bruraskaret og sjå rett ned i Romsdalen.
Klatrarar frå heile verda har prøvd seg på den manndomsprøva det er å ta seg tusen meter rett oppover ei vertikal fjellside av gråstein, der ikkje eingong geitene finn feste.


 
Eidsdal og Norddal
Dei grøderike bygdene Eidsdal og Norddal på sørsida av Norddalsfjorden er òg verde eit besøk. Særleg spennande er den levande seterdrifta i Herdalen, midt i hjartet av verdsarvområdet, med hundrevis av geiter.

Herdalssætra kan vise til 300 år med ubroten setertradisjon, og er ei av dei største fellessetrane for geit i landet. Her blir gamle tradisjonar haldne i hevd, men setra er i seg sjølv eit bevis på at både gammal og ny tradisjon har grobotn i våre dagar.
 
Landbruket er svært viktig i dette verdsarvområdet, og det grøne sinnelaget skin gjennom dei velstelte gardane i dei to bygdene. Mange av gardane ligg svært luftig til – og alle som besøkjer gardar som til dømes Kleiva, Rønneberg, Hesthaug og Kilsti, skjønar at det å ha eit slikt utsyn til dagleg, gjer noko med deg. 
 
 
Vakre Hjørundfjorden
Hjørundfjorden er kanskje den vakraste fjorden av dei alle, og Norangsdalen er kanskje den mest dramatiske av alle dalane du kan køyre gjennom i Noreg, omkrinsa av majestetiske tindar. På Øye gir dalen oss eit spennande møte mellom det upolerte fjellet Slogen og det forfina Hotel Union Øye frå 1890-åra.

Hit har kongehus frå heile Europa søkt fred og ro, og dei engelske klatrepionerane utforska den dramatiske fjellheimen for over hundre år sidan.

Det historiske Hotel Union Øye er bygd i sveitserstil for 125 år sidan, og har husa både adelege og vanlege menneske eit hotell som har ein særmerkt atmosfære.


 
Byliv og arkitektur
Vi som bur på Sunnmøre, kan hauste det beste av både bygdelivet og bylivet. Den vakre kystbyen Ålesund –  «hovudstaden» på Sunnmøre – ligg berre halvannan køyretime unna Juvet, og er nesten obligatorisk å få med seg for dei som er interesserte i arkitektur og det marine livet.

Det bur opp mot 50 000 innbyggjarar i denne byen som får sine daglege dosar med sjøsprøyt i ansiktet, der han sit med føtene i vatnet og nyt utsikta mot havet. Byen er sjølve porten mellom storhavet utanfor og fjordane innover i landet. Fiskerinæringa var viktig for framvoksteren av byen frå 1800-talet, byen har i dag ein av dei største havfiskeflåtane i landet, og er ei viktig og trygg hamn og ein sentral handelsby for regionen.

Du bør rett og slett gå dei 424 trappetrinna opp til Fjellstua og nyte synet av byen, av havet og øyriket rundt.

Reiser du til Ålesund via Hjørundfjorden og får med deg 15.10-ferja frå Sæbø til Trandal og Standal, får du eit lite minicruise som du ikkje gløymer så lett.

Jugendbyen Ålesund
850 hus låg i oske etter den store bybrannen i Ålesund i januar 1904. Berre éin person døydde i brannen, men ti tusen menneske var blitt heimlause.  Ålesundarane fekk hjelp frå heile landet til å byggje opp att byen sin, og særleg hjelp fekk dei frå keisar Wilhelm II av Tyskland. På få år blei Ålesund bygd opp som ein moderne by i jugendstil, og husa frå denne tida pregar framleis byen.
 
Jugendstilsenteret, som held til i det urørte apotekbygget ved kanalen som har gitt namn til byen, er eitt av dei nesten 400 husa som vart bygde opp att i art nouveau-stil eller jugendstil etter brannen. Besøk Jugendstilsenteret og få eit innblikk både i historia om bybrannen og den store gjenoppbygginga av byen.
Ønskjer du å overnatte i Ålesund på veg til eller frå Juvet, bør du prøve Brosundet hotell – eit gammalt fiskepakkhus som er omgjort til hotell, innreidd av dei verdskjente arkitektane i Snøhetta.
 
 
 
Livet til havs
Pulsen i hamnebyen Ålesund er uløyseleg knytt til havet. Befolkninga kan kunsten å setje sjøbein, og ikkje minst kan dei kunsten å ferdast når stormane står på – som ikkje er sjeldan. Tradisjonelt har byen levd av livet både under og over havoverflata, og byen har merkt seg ut både når det gjeld fiske og skipsfart i regionen.

Ikkje rart då at du finn Atlanterhavsparken her, som gjer at du varm og tørrskodd kan verte kjend med og beundre det rike mangslungne livet under havflata.

Er du ikkje redd for sjøsprøyt, kan du dra på havfiske med Actin og Stein Magne, ein av dei mest røynde havfiskeguidane ved kysten. Stein Magne garanterer alltid fangst – og ikkje minst får du nokre gode historier med på ferda. Fangsten kan du ta med deg tilbake til Juvet, så lagar vi noko godt.