Loading good stuff...
menu
 

Haust

Når naturen fell til ro, har vi tida til å nyte fruktene. Fjellet er aldri så vakkert som i haustmånadene. September, oktober og november er fargesprakande og friske, og no er det ope og lett å gå i fjellet.
Det er framleis mogleg å juve og ta turar til villmarksleiren. Du kan sykle i Fjørå om du er glad i rufsete fjellsykling med høg risiko. Du kan fiske eller jakte på rype, eller – om du er heldig – få vere med eit av jaktlaga på hjortejakt i skredene ovanfor Burtigarden.

Når haustmørket fell på, passar det fint å ta med avdelinga i bedrifta til Juvet på samling eller seminar – ikkje berre for det sosiale, men også for fagleg utbyte.
Vi tilbyr rolige, skjerma og inspirerande omgivnader for både privatpersonar og bedrifter som ønskjer å lage sine eigne opplegg – om det er eit privat arrangement, ei viktig leiarsamling eller eit hektisk strategimøte.

Rett utanfor Juvet
Små dagsetappar og rundturar – du må ikkje fare langt. Her er mykje å utforske, og dei små, løynde perlene ligg rett utanfor dørstokken din når du bur på Juvet.
Du er jo allereie på historisk grunn, i området der Olav Haraldsson, kongen som etter sin død på Stiklestad i 1030 blei kanonisert til helgen, overnatta under ein heller på si flukt gjennom Valldal mot Sverige vinteren 1028/29.

Her på Alstad fekk han mirakuløst rydda veg gjennom ei ugjennomtrengjeleg ur, Skjervsura, og i dag kan du gå denne vegen, som blir kalla Olavsvegen. Du kan også drikke av Olavskjelda, som etter segna skal halde deg frisk frå sjukdom. (Sjå elles meir om dette under menyen «Historia»).
 
Vi på Juvet kjenner området som vår eiga bukselomme, og kan hjelpe deg med alt du treng, om det er tips til turar som passar akkurat for deg og dine interesser, kart, råd om utstyr og guiding i området.
Vi skal også minne deg på å ta med deg niste og varm og kald drikke når du legg ut på lengre turar – det er ein del av den norske friluftskulturen som du kan ha glede av få med deg.

 
Opplev Geiranger
Det er fint å dra til Geiranger på denne tida av året, for å oppleve bygda utan å måtte stampe i kø i lag med dei mange cruiseturistane. Det bur berre vel 250 menneske i Geirangerbygda vinterstid, medan verdsarvbygda er reine valfartsstaden midt på sommaren, med rundt 700 000 tilreisande som kjem både langs landevegen og med skip på fjorden for å oppleve ein levande bit av fjordlandskapet i Noreg.

Frå Geiranger kan vi besøkje ein av fjellgardane langs Geirangerfjorden, og ta oss tid til å undrast over at folk fann ein leveveg her i denne storslåtte, men nådelause naturen.
Fjordsenteret fortel kvifor Geirangerfjordområdet saman med Nærøyfjordområdet er skrive inn på UNESCOs liste over særleg verneverdige naturområde. Vi får også eit innblikk i det arbeidet som blir gjort for å ta vare på naturen – og for å påverke næringslivet til ein grønare tankegang.

Ferja mellom Geiranger og Hellesylt sluttar å gå den 30. september, 
 
Kreftene i Tafjord
Tafjord er ei heilt spesiell bygd som har mange historier å fortelje, blant anna historia om geologien, om det spesielle biologiske mangfaldet, historia om utbygginga av rein vasskraft – og ikkje minst historia om dei reine naturopplevingane frå hytte til hytte i Tafjordfjella.

I området er det spor etter menneska og kampen for å overleve overalt. På dei høgste toppane finn vi fangstanlegg etter veidefolket som kom til området då isen trekte seg tilbake for 10 000–11 000 år sidan. I fjella elles er det mange gamle ferdselsvegar, og setrane vitnar om stølsdrifta som tok slutt i 1950-åra.
 
Det kvite gullet
Den vel 90 meter høge Zakariasdemninga i Tafjord vart bygd i 1967, og er ein del av den omfattande kraftproduksjonen som går føre seg i fjella rundt denne bygda. Kraftmuseet nede i bygda fortel om utbygginga og utviklinga av rein vasskraft, og viser korleis denne «kvite» krafta har gitt nytt grunnlag for liv.
Skredsenteret i Tafjord fortel ei anna, dramatisk historie: historia om dei farlege fjella, om ras som har gått – og om ras som kan kome.

Ålesund-Sunnmøre Turistforening har eit nettverk av ti ubetente og betente turisthytter i Tafjordfjella, med Reindalseter som midtpunkt. Hausten er beste tida til å oppleve fjellet på denne «norske» måten frå hytte til hytte. Hyttene ligg i passelege dagsmarsjar frå kvarandre, og har alle kvart sitt preg. Felles for dei alle er at dei ligg i eit heilt fantastisk turområde som er kjent for sin særeigne geologi og sitt spesielle biologiske artsmangfald.

 
 
 
Til topps i Fjørå
Fjørå er ei lun «klivrebygd» som har tærne i fjorden og hovudet på dei luftigaste stader, og det er lett å kome seg på fjelltoppane herifrå.
Frå «taket» til Fjørå kan vi ta inn landskapet frå alle kantar, utsikta er formidabel – og nedfarten på sykkel er fantastisk!
 
Vi køyrer først opp til Hauge (400 moh.) og parkerer. Herfrå kan vi følgje ein gammal seterveg til fots opp til Nysætra 800 moh. Turen tek ein liten time, og då får vi den flottaste fjordutsikta vi kan tenkje oss.
 
Frå Nysætra kan vi følgje råsa som startar bak det øvste selet, til Mefjellet 1100 moh. Herifrå har vi utsikt både innover mot Tafjorden og ned i Valldalen mot nord.
Vi kan òg følgje råsa frå Nysætra og tilbake til Juvet via Trollkyrkjebotn, Sandfjellet, Heisætra og Alstadsætra.  Denne turen over fjellet tek om lag fire–fem timar, men går i lett terreng.

 
Byliv og arkitektur
Vi som bur på Sunnmøre, kan hauste det beste av både bygdelivet og bylivet. Den vakre kystbyen Ålesund –  «hovudstaden» på Sunnmøre – ligg berre halvannan køyretime unna Juvet, og er nesten obligatorisk å få med seg for dei som er interesserte i arkitektur og det marine livet.

Det bur opp mot 50 000 innbyggjarar i denne byen som får sine daglege dosar med sjøsprøyt i ansiktet, der han sit med føtene i vatnet og nyt utsikta mot havet. Byen er sjølve porten mellom storhavet utanfor og fjordane innover i landet. Fiskerinæringa var viktig for framvoksteren av byen frå 1800-talet, byen har i dag ein av dei største havfiskeflåtane i landet, og er ei viktig og trygg hamn og ein sentral handelsby for regionen.

Du bør rett og slett gå dei 424 trappetrinna opp til Fjellstua og nyte synet av byen, av havet og øyriket rundt.

Reiser du til Ålesund via Hjørundfjorden og får med deg 15.10-ferja frå Sæbø til Trandal og Standal, får du eit lite minicruise som du ikkje gløymer så lett.

Jugendbyen Ålesund
850 hus låg i oske etter den store bybrannen i Ålesund i januar 1904. Berre éin person døydde i brannen, men ti tusen menneske var blitt heimlause.  Ålesundarane fekk hjelp frå heile landet til å byggje opp att byen sin, og særleg hjelp fekk dei frå keisar Wilhelm II av Tyskland. På få år blei Ålesund bygd opp som ein moderne by i jugendstil, og husa frå denne tida pregar framleis byen.
 
Jugendstilsenteret, som held til i det urørte apotekbygget ved kanalen som har gitt namn til byen, er eitt av dei nesten 400 husa som vart bygde opp att i art nouveau-stil eller jugendstil etter brannen. Besøk Jugendstilsenteret og få eit innblikk både i historia om bybrannen og den store gjenoppbygginga av byen.
Ønskjer du å overnatte i Ålesund på veg til eller frå Juvet, bør du prøve Brosundet hotell – eit gammalt fiskepakkhus som er omgjort til hotell, innreidd av dei verdskjente arkitektane i Snøhetta
 
Livet til havs
Pulsen i hamnebyen Ålesund er uløyseleg knytt til havet. Befolkninga kan kunsten å setje sjøbein, og ikkje minst kan dei kunsten å ferdast når stormane står på – som ikkje er sjeldan. Tradisjonelt har byen levd av livet både under og over havoverflata, og byen har merkt seg ut både når det gjeld fiske og skipsfart i regionen.
Ikkje rart då at du finn Atlanterhavsparken her, som gjer at du varm og tørrskodd kan verte kjend med og beundre det rike mangslungne livet under havflata.

Er du ikkje redd for sjøsprøyt, kan du dra på havfiske med Actin og Stein Magne, ein av dei mest røynde havfiskeguidane ved kysten. Svein Magne garanterer alltid fangst – og ikkje minst får du nokre gode historier med på ferda. Fangsten kan du ta med deg tilbake til Juvet, så lagar vi noko godt.