Loading good stuff...
menu
 

Tidlegare tider

Burtigarden på Alstad er frå gammalt av ein av dei største gardane i Norddal kommune. Vi finn garden og folket dokumenterte i bygdebøker og kyrkjebøker tilbake til 1500-talet. Der står det mellom anna at gardane på Alstad hadde uvanleg god jord, og at den gode jorda også gav godt såkorn – så godt at folk frå bygdelaga austafor kom over fjellet for å hente såkorn til åkrane sine.

Gardane i denne grøderike grenda ligg ved innfallsporten til verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap, som i 2005 vart skrive inn på verdsarvlista til Unesco som det første naturarvområdet i landet. Reinheimen nasjonalpark, som er eit stort, variert og villmarksprega fjellområde, går nesten heilt inn på tuna i grenda.

I stadig endring
Biletet viser Burtigarden rundt 1880. Den gongen gjekk hovudvegen rett gjennom tunet, slik det var vanleg for dei fleste gardane i dalen. Det var viktig å bu ved hovudvegen. Det vesle huset til venstre for våningshuset vart flytta til Høghjellane lenger framme i dalen, der det fram til nyare tid tente som skulehus for grenda der. Løa til høgre for våningshuset er vekk, den som står på tunet i dag, vart bygd i 1914.

Rett nedanfor det vesle huset står reisverket til ei gammal grindløe med torvtak. Ho er vekk i dag, men grindbyggteknikken er framleis ein levande del av det lokale byggjeskikken.

 

Gudbrandsjuvet
Bakanfor den furukledde knausen i Burtigarden ligg det vidgjetne Gudbrandsjuvet. Her går Valldøla gjennom eit trongt gjel, der smeltevatnet frå isbreane har forma mange store jettegryter gjennom tusenvis av år. Gudbrandsjuvet er ein populær stoppestad for dei som vil nyte synet av dei mektige, buldrande vassmassane, særleg etter at vegen over Trollstigen vart bygd og opna i 1936.
Segna vil ha det til at juvet har fått namnet etter den fredlause mannen Gudbrand, som busette seg i ein liten dal – Gudbrandsdalen – i fjellsida ovanfor Alstad. Segna seier at Gudbrand var ein vågal og spenstig mann som hoppa over juvet der det var på sitt smalaste. Var han på flukt frå lensmannen eller futen, var det slik at han hadde vore på bruderov og bykste over juvet med ei fager brud i armane – eller var det rett og slett slik at han felte ei furu over elva der Gudbrandsbrua seinare blei bygd? Vi kan undre oss, men Gudbrandsjuvet er uansett eit praktfullt syn.
 
Biletet viser Gudbrandsjuvet etter utbetringa som Nasjonal turistveg står for. Det er dei same arkitektane som har utforma «det nye Gudbrandsjuvet» og Juvet landskapshotell. 

 

Heilag-Olav
Då kong Olav Haraldsson drog gjennom Valldalen på flukt austover mot Lesja og Sverige vinteren 1028/1029, overnatta han fleire netter under ein heller ved Alstad. Her skal det ha skjedd mykje underleg, skal vi tru den islandske hovdingen, historikaren og skalden Snorre Sturlason (død i 1241), som har skildra ferda i kongesogene sine. Kongen og mennene hans skal ha klart å rydde veg gjennom den ugjennomtrengjelege Skjervsura, og heile det store følgjet hans skal på uforklarleg vis ha fått metta si her, trass i at det var knapt på mat.

 Olav Haraldsson fekk sitt banesår i kampen mot bondehæren i slaget på Stiklestad i 1030, og vart året etter kanonisert til helgen og seinare dyrka over heile Norden.

Dei lokale segnene om Heilag-Olav er rikare enn historieforteljinga til Snorre, og Olavshelleren, Olavsvegen og Olavskjelda er i dag levande kulturminne frå ferda til Heilag-Olav gjennom Valldalen. Det er sjølvsagt eit poeng å nemne at vatnet vi drikk og badar i, kjem frå Olavskjelda. Etter segna skal den som drikk av denne kjelda, bli frisk frå sjukdom og halde seg ung.

Illustrasjonen viser kong Olav og mennene hans i Skjervsura. Den lokale kunstnaren Johannes Smogeli måla dette freskomåleriet og mange andre bilete frå ferda til kong Olav direkte på veggene i det gamle lakselordhotellet Hotel Sylte nede ved fjorden. Hotellet var i drift mellom 1870 og 1965, og har vore privatbustad sidan det vart lagt ned. Lokalhistorikaren Astor Furseth har teke bilete av alle måleria.