Loading good stuff...
menu
 

Juvet blir til

Juvet landskapshotell hadde aldri blitt ein realitet om det ikkje hadde vore for ei rekkje heilt tilfeldige hendingar:

– Hotelleigaren Knut Slinning fekk kjøpt seg ein fristad og hytte ved Gudbrandsjuvet i Valldal i 1986.

– Staten sette i verk det storstilte prosjektet Nasjonal turistvegar på strekninga Trollstigen–Geiranger. Det førte arkitektane Jensen & Skodvin til Gudbrandsjuvet, og i kontakt med Knut Slinning. Dei hadde idear om ein heilt ny og spennande type hotell i ferdaskrinet.

– Knut i 2005 fekk tilbod om å kjøpe den bortgøymde naturperla Burtigarden. Då var det ingen veg tilbake.

Utan denne satsinga på Nasjonal turistveg – vegstrekningar i Noreg som ikkje berre har som mål å få deg raskast mogleg fram – hadde det ikkje blitt eit Juvet landskapshotell. Vegprosjektet har sidan starten engasjert over 60 framståande arkitektar og kunstnarar til å forme spennande og funksjonelle stoppestader i moderne arkitektur som skal vere robuste og «eldast med verdigheit», langs utvalde vegstrekningar i Noreg. Arkitektane Jensen & Skodvin har gjort det populære Gudbrandsjuvet endå meir spektakulært og tilgjengeleg for folk.

 
Eit «uekte» barn av Nasjonal turistveg
Prosjektet Juvet landskapshotell er ikkje anna enn eit stort eksperiment, og det hadde ikkje lykkast om ikkje mange av dei som kunne (og var heimla til) å seie nei – som Norddal kommune, Møre og Romsdal fylke, Innovasjon Noreg og naboane i grenda – faktisk sa ja.
 
Ei spesiell takk går til plan- og miljøavdelinga i fylket. Det er slettes inga sjølvfølgje at det skal kunne byggjast på elvebarden til eit varig verna vassdrag. Utan prosjektstøtta frå Nasjonal turistvegsatsinga hadde det heller ikkje blitt noko Juvet landskapshotell. Vi kan godt seie at Juvet er eit «uekte» barn av NT. Og utan god mottaking frå Norddal kommune, støtte frå Innovasjon Noreg og særs gode naboar ville dette vore ugjennomførleg.
 
Eksperiment eller ikkje – Juvet landskapshotell er i dag ein godt gjennomtenkt realitet som ønskjer å løfte fram det naturnære og dei små og store natur- og kulturopplevingane.
 
 
Utan sorger
Mannen som sit som bonde og hotelleigar i Burtigarden i dag, er fødd og oppvaksen i jugendbyen Ålesund, berre halvannan times køyretid unna Gudbrandsjuvet på Alstad i Valldalen. Livet sitt i Valldalen starta han i 1986, då han kjøpte feriebustaden Sans Souci frå nokre oslofolk som tidleg i førre hundreåret hadde skaffa seg ei villatomt med fem mål jord oppe på hammaren rett ovanfor gardshusa i Burtigarden. Sans Souci tyder sorgfri. For Knut og familien vart hytta og området rundt ein kjærkomen fristad frå tempoet og presset i dagleglivet. Hit drog dei for å roe ned, slappe av og la uro, otte og daglegstress fare. Her kunne dei berre stige ut i fjellheimen, i det upolerte, råe landskapet, og nyte eit berrføtt tilvære med den nærleiken til naturen dei ønskte.

Kontrasten er stor. Otte og ank var nok ein innbiten del av dagleglivet for dei som budde på akkurat denne tomta for to hundre år sidan. Den gongen var dette eit plassebruk under Burtigarden, og ætteboka fortel at her budde det jordlause fattigfolk som kanskje ikkje fekk metta si kvar dag. Sjølv kallar Knut denne plassen sin for sitt Soria Moria. «Soria Moria slott» er eit norsk folkeeventyr om den fattige helten som gjorde ei stor reise og fann både den bortkomne prinsessa og rikdommen i livet. Eventyret står nok i Noreg som eit symbol på reisa mot den perfekte lykka – ei lykke som altså kan finnast på eit lite plassebruk på Alstad.

Ei underleg kjensle
– Eg var svært medviten om at eg ikkje måtte øydeleggje mitt Soria Moria og gjere det om til ein arbeidsstad og eit problemområde, seier siviløkonomen og den tidlegare økonomilæraren Knut. Men kva kunne han gjere? Folket i Burtigarden og øvre Valldal var blitt kjende med denne karen som i tjue år hadde traska rundt i området, anten på fjellturar i kraftige lêrsko, eller når han i si favorittårstid henta livsglede på ski framover dalen mot fjella på Trollstigplatået.

Ein dag i 2005 stod han i tunet i Burtigarden og fekk eit tilbod han rett og slett ikkje kunne seie nei til. «Du som er så glad i dette området, vil du kjøpe Burtigarden?» Etter møtet med arkitektane og tilbodet om å ta over Burtigarden tok det to veker før kontrakten var underteikna. Han stod då som eigar av ein stor gard med bu og driveplikt, klar for å gå inn i eit prosjekt ingen heilt visste korleis skulle bli eller ende. Det var ei underleg kjensle.

Knut stod med trådane i handa, den frå fortida som fortalde om det som hadde vore, den frå notida som fortalde at lysa var i ferd med å bli sløkte i utkantane på bygda, og den frå framtida som viste vegen mot ei ny tid på Alstad. Denne tråden eller vegen frå framtida var ikkje så langt unna. Bakom knausen gjekk det føre seg ei fantastisk ombygging av turistmålet og utsiktspunktet Gudbrandsjuvet, der arkitektane frå Jensen & Skodvin arkitektkontor kom med ny og oppsiktsvekkjande utrusting for både utsiktsstiane og serveringsområdet.

– Om forholda låg aldri så mykje til rette for det, så ville Juvet landskapshotell aldri blitt til utan denne store, nasjonale satsinga på turistvegane våre – som altså førte hit arkitektar som også hadde med seg idear om eit underleg hotell på skisseblokka, seier Knut.


 
Alt forandrar seg
Knut sa ja til folket i Burtigarden, og han sa ja til arkitektane. Så byrja ei ny reise, eit nytt eventyr, ei ny tid. I staden for å ta seg av dyr og produsere mat, tek Burtigarden i dag seg av menneske og gir dei gode opplevingar.

Å vise gjestfridom er viktig for Knut, den gåva har han fått og forstått i prosessen fram til der han er i dag. – Inst inne dreier reiseliv seg om å ta seg av folk på skikkeleg vis, slik at dei reiser vidare med gode kjensler. Her skal dei få ein smakebit av det gamle og det nye. Kanskje finn dei att ein flik av seg sjølve, òg, seier Knut.

Tida etter at Knut sa ja, har vore hektisk, men no ser han at det byrjar å bli slik han hadde tenkt, trudd og drøymt om. Gardsbygningane er i dag restaurerte og dannar ei historisk ramme rundt dei moderne landskapsromma som har vakse fram: ni små «kubar» på stylter med glasvegger ut mot landskapet – eit landskap som er så variert at ingen av romma er like. Landskapet er også stadig i forandring. Etter vêret, tida på døgnet, årstida.

Dei to siste landskapsromma kom opp våren 2013, og skil seg frå dei andre. Dei to små stabbursliknande kubane heng som fuglekasser i skråninga ved garden, ventande på trekkfuglar.
– Det har vore viktig for oss å ta vare på det tradisjonelle gardsmiljøet og kulturlandskapet, samstundes som vi med varsam hand har opna for det nye, seier Knut.
– Men sjølv om vi tek vare på det gamle, skal vi ikkje gløyme at vi òg er ein del av historia. Arkitekturen og det estetiske skal tydeleg få vise at vi har vore her, vi òg, seier Knut.
 
Soria Moria
Kva har så skjedd med Knut sitt Soria Moria, fristaden hans? Har noko gått tapt på vegen? Dette har Knut tenkt mykje på, og han har vore medviten om det gjennom heile prosessen.

– Dette handlar faktisk om at eg har noko som er svært verdfullt for meg, og som eg ønskjer å dele med andre. Det blir ikkje mindre når ein deler, tvert imot, seier Knut.
Før var det familie og venner som fekk del i det som var verdfullt for han. No er krinsen utvida, gradvis og varsamt, og kvart steg i prosessen fram til der han står i dag, har gitt nye erfaringar, nye innsikter og nye gåver.
 
– No ønskjer eg å dele det eg har, med alle dei som er nysgjerrige på kva vi står for i denne eksotiske «avkroken» vår, seier Knut. – Det har vore mykje arbeid for å kome dit vi er i dag, men det ligg så mykje glede i å ta seg av folk som verkeleg set pris på det vi har, og det vi står for.
 
– Om noko skulle ha gått tapt på vegen, så angrar eg ikkje. Eg har funne så mykje som er verdfullt også, seier Knut.
 
Arkitektur og natur som treffer
Har Knut Slinning lykkast med å lage eit hotell utanom det vanlege, eit hotell som gir gjestene ro, glede og nærleik til naturen, slik meininga var? Knut seier at han ser det på gjestene – ser at det gjer noko med dei å kome hit.
– Det kjem ei ro over dei når dei er komne til gards, får rusle rundt i området og finne romma sine. Dei får ned skuldrene. Folk er ute etter å finne denne roa, seier Knut.

Kanskje er gjestene på Juvet landskapshotell over gjennomsnittet nysgjerrige og interesserte i kva Juvet er, og kva Juvet står for. Dei som kjem, byr iallfall også på seg sjølve, og dei legg att meir enn pengar. Dei forstår kva dette er. Eit særeige hotell får kanskje spesielle gjester?
– Vi set stor pris på at folk finn seg så vel til rette her, og at dei forstår kva vi har skapt. Det gir energi, seier Knut.

Vi har alltid reist for å sjå på byggverk, men det har vore klassiske, monumentale bygningar – borger, kyrkjer, slott, gamle byar og så vidare. I dag er det like mykje den moderne arkitekturen som vekkjer interessa. Folk kjem langvegsfrå for å sjå moderne arkitektur, som til dømes Operabygget i Oslo eller Juvet landskapshotell i Valldal. Og somme reiser halve kloden rundt, utan tanke på at det er Noreg dei reiser til. Dei har lese om Juvet på nettet eller eitt av dei mange magasina eller avisene som har hatt oppslag om Juvet. Og dette vil dei sjå.

– Vi ser at den heilskapen vi har bygd opp, treffer noko i folk. På nettet kan folk sjå tallause bilete frå Juvet landskapshotell, Burtigarden og naturen rundt. Men same kor mange bilete gjestene våre har sett før dei kjem, så treffer det dei.