Loading good stuff...
menu
 

Hotellet

Juvet landskapshotell – eit møte mellom rå norsk natur, kulturhistorie og moderne arkitektur.
 
Det første landskapshotellet i Europa ligg i tunet til Burtigarden på Alstad i Valldal, på ein stupbratt elvebarde innimellom bjørk, osp, furu og kampesteinar som har sett tider kome og tider gå.
 
I denne vesle grenda Alstad i utkantnoreg møter moderne arkitektur det gamle natur- og kulturlandskapet – og viser at det moderne og nyskapande kan gå hand i hand med lokal byggjeskikk og godt, gammalt handverk.
 
Eineståande rom 
Juvet landskapshotell består av dei ni enkeltståande romma som er spreidde ut i landskapet. I tillegg er det råd å overnatte i dei gamle husa på garden – i kvernhuset, i seterbua og i det gamle våningshuset – medan matserveringa går føre seg i den gamle låven.
 
 
 
Dei sju første landskapsromma
Dei sju første landskapsromma er dobbeltrom som er bygde kvar for seg i landskapet.
 
Arkitektane Jensen & Skodvin ønskte å skape eit landskapshotell som gjekk i eitt med naturen. Resultatet er sju små «kubar» på stylter, med glasvegger mot juvet nedanfor.
 
På alle romma består ein eller to av veggane av glas, med storslått utsyn over elva, dalen, fjella, tunet eller juvet nedanfor. Kanskje er det som å sitje i ein gapahuk, berre mykje meir luksuriøst.
 
Ingen av romma er like, og alle har mørkt interiør for å ikkje ta merksemda frå naturen. Bortsett frå på det vesle badet, då. Der skin sola sjølv midt på vinteren!
 
«I'm entirely too modest to walk around naked, even when I'm alone. But the first thing I wanted to do after closing the door of my cabin at the Juvet Landscape Hotel was shed anything that separated me from nature.»
Steve – gjest og journalist frå USA,
Afar Magazine
 
Dei to fuglebura
Dei to enkeltromma eller «fuglebura» er konstruerte på ein litt enklare måte enn dei første landskapsromma. Desse romma er lafta, på same måten som stabbura ein brukte til å lagre mat i før i tida.
 
Husa minner om fuglekasser der dei heng i den bratte bakken ovanfor dei andre landskapsromma.
 
Vi har prøvd å vise kor lite vi eigentleg treng for å ha det godt. Romma er ikkje større enn om lag åtte kvadratmeter, men inneheld ei god seng, ein liten sofabenk, dusj og toalett.  
 
Innvendig er det lyst og triveleg, med same typen tømmer i golv, tak og vegger. Også desse romma har store vindauge som slepper naturen inn – men dei har også nokre mindre vindauge som gir deg eit overraskande glimt mot omverda. Frå senga kan du til dømes kike inn mot fjellet bak, berre centimeter unna. Kanskje du kan sjå at mosen gror?  
 
 
Badeavdelinga
Badeavdelinga er ei roande og forfriskande kjelde som er bygd inn i bakken ved elva, usynleg frå tunet, men likevel berre nokre lette steg unna.
 
Det er godt å roe seg ned her etter ein tur på ski eller til fots – eller kanskje etter ei lengre reise for å kome hit.
 
Badeavdelinga er gjord i mørk betong, men dei små romma er måla i nydelege fargar for å kvikke opp denne kjensla av å vere i ei grotte. Heile fronten er ei 15 meter lang glasflate som er vend mot elva som tek seg ein sving oppunder Juvet her. Det er som om elva nådig helsar på oss medan ho held fram på ferda si mot fjorden 15 km lenger nede.
 
I badeavdelinga har vi
  • dampbadestove
  • dusj og omkledingsrom
  • utandørs varmestamp
  • avslappingsavdeling med peis og rom for formelle og uformelle samkome
  • stillestove der du kan nyte elva som sig forbi
 
Våningshuset
Vi leiger ikkje ut dei gamle husa på garden til enkeltpersonar. Desse husa nyttar vi mest til større samlingar, til dømes bryllaup, åremålsdagar, firmasamlingar eller andre tilstellingar for gjester som har ein fellesnemnar for opphaldet.
 
Vi er minst like stolte over å ha teke vare på dei gamle husa på garden som over å ha skapt nye. Slik får vi høve til å vise fram ein viktig del av kulturhistoria i denne delen av Noreg.
 
Våningshuset blei bygd på 1870-talet, og det var ei stor utfordring å føre det tilbake til slik det såg ut den gongen. Heldigvis fann vi eit bilete frå om lag 1880. Det gjorde det mogleg for oss å finne tilbake til den gamle stilen utvendig. Innvendig har vi tilpassa huset slik at det også dekkjer behova til eit moderne funksjonelt bustadhus.
 
Våningshuset har kjøkken, bad og fleire soverom.

 
Låven
Også den gamle driftsbygningen i Burtigarden er restaurert og gjord om, slik at gamle rom har fått nye funksjonar:
  • Fjøsen er matsal og peisestove.
  • Grisebingen er kjøkken.
  • Låven er det plass til fest og dans.
  • Den gamle høybroten der ein før lagra fôr til dyra, er blitt «lounge»-område.
 
Selet
Selet er eit gammalt seterhus som er sett opp på tunet, med sengeplass til to personar.

Dei som passa på kyrne, geitene og sauene som var på sommarbeite i gamle dagar, budde i slike sel eller seterhus på setrane oppe i fjella. Dei var ikkje alltid så gamle heller – mange seterjenter var ikkje meir enn ti år gamle når dei fekk denne viktige oppgåva. Seterdrifta var heilt sentral for økonomien på gardane før i tida, men tidene har endra seg, og seterdrifta tok slutt rundt 1950.

 
Kvernhuset
Det minste huset på garden er kvernhuset, der dei mol kornet i gamle dagar. Det er berre vel to gonger to meter, men har ei deilig seng med plass til éin eller to personar, og ikkje mykje anna. Kvernhuset ligg nede ved elva og har kanskje den finaste utsikta. Her kan du liggje med døra open og sjå Valldøla bruse forbi, berre nokre få meter unna.
 
Selet og kvernhuset har ikkje innlagt straum eller vatn.
 
Alle rom har trådlaust Internett.