Loading good stuff...
menu
 

Arkitekturen

Arkitektane bak Juvet landskapshotell, Jensen & Skodvin, ønskte å lage eit hotell utan å gjere inngrep i naturmiljøet, i pakt og samspel med landskapet det er sett opp i:
 
Ideen om eit landskapshotell voks fram av ønsket om å kunne ta i bruk storslåtte landskap utan å gjere øydeleggjande inngrep i naturen, og såleis gjere seg nytte av stader som elles ville ha vore utilgjengelege på grunn av verneomsyn.
 
Juvet landskapshotell ligg i Valldal, på Nasjonal turistveg mellom Trollstigen og Geiranger, 100 km frå jugendbyen Ålesund i vest. Turistar som reiser gjennom denne bygda, stoppar gjerne ved det spektakulære Gudbrandsjuvet, eit stort system av jettegryter og fossande vatn, som ligg like i nærleiken.
 
«Ideen om eit landskapshotell voks fram av ønsket om å kunne ta i bruk storslåtte landskap utan å gjere øydeleggjande inngrep i naturmiljøet.»
 
 
Om vinteren er Trollstigvegen over fjellovergangen mot Åndalsnes stengd på grunn av snø, og ein må reise ut av området via ein lengre veg utover mot havet, noko som forsterkar den aude atmosfæren på staden. 
  
 
Berekraft
Området som hotellet ligg i, er verna. Etter omfattande forhandlingar med plan- og miljøavdelinga i Møre og Romsdal fekk vi løyve til å setje opp eit «hotell» utan å gjere inngrep i terrenget.
 
I staden for å setje opp eit vanleg hotell med mange gjesterom stabla saman i éin stor bygning, var tanken å spreie romma ut i landskapet som små, enkeltståande hus.

«Når vi tek vare på området slik det er, respekterer vi at naturen var her før mennesket – og er her etter oss også.»
 
 
Når ein i dag snakkar om berekraft i arkitekturen, handlar det nesten utelukkande om å redusere energiforbruket både i byggjefasen og i drift. Vi meiner at det å ta vare på topografien er ei anna side ved berekraft som også fortener merksemd. Standard byggjeprosedyrar krev at ein øydelegg eit område for å tilpasse fundament og infrastruktur før ein kan ta til med bygginga. Når vi tek vare på området slik det er, respekterer vi at naturen var her før mennesket – og er der etter oss også.
 
Når vi samvitsfullt observerer topografien på staden, legg vi til rette for ei oppleving der geometrien i det menneskeskapte understrekar det uregelrette i naturen, og med det forklarer både seg sjølv og samanhengen med større kraft. Vi skaper eit berekraftig band mellom strukturen og staden.
 
Små rom – store opplevingar
Juvet landskapshotell har vore bygt i to hovudfasar. Sju rom og eit frittståande badeanlegg vart bygde i den første fasen frå 2007 til 2010. I den andre fasen, frå 2012 til 2013, er det lagt til to nye rom. Hovudtilnærminga er den same, sjølv om dei to nye romma har vore bygde på ein litt meir sofistikert måte, med eit mykje enklare arkitektonisk språk og enklare teknologi.

«Vi ønskte å skape ei kjensle av at romma var like store som landskapet utanfor.»
 
 
Ni rom er no ferdige, medan det i reguleringsplanen er teke høgde for å byggje fleire. Alle romma er litt ulikt forma, av omsyn til topografien og dei store trea på staden, og for å møte krava til privatliv og ønsket om eit så godt utsyn som råd. Det har ikkje vore nødvendig å sprengje berg eller endre på terrenget, sidan romma er føydde inn i landskapet som det er.

Kvart «hus» har éin eller to vegger av berre glas. Sidan romma er nøye tilpassa terrenget, får kvart rom sitt eige, eksklusive utsyn – som endrar seg alt etter kva tid det er på året, korleis vêret og kva tidspunkt det er på dagen. Ingen av romma har utsyn til eit anna rom, så ein opplever romma som private sjølv om der ikkje er gardiner. Vi ønskte å skape ei kjensle av at romma var like store som landskapet utanfor.
 
Byggjemåten
Dei sju første romma er bygde med ein kompakt trekonstruksjon utan utvendig isolering, og var opphavleg berre meinte for sommarbruk. Kvar bygning kviler på 40 mm stålpålar som er bora ned i grunnfjellet, slik at romma berre så vidt rører ved landskapet og vegetasjonen. Glasa er sette mot treverket, låste med standard stålprofilar, og ein overlappingsteknikk – stepkant – gjer at det ytre laget av vindauget går heilt ut i vegglivet og nedanfor golvet, slik at det står fram som ei heil glasflate sett framanfrå.

Golv, vegger og tak er gjorde i massivtre (tjukke kryssfinerplater), med 100 mm tjukkleik i vegger og 120 mm i tak og golv. Dette er ein god måte å utnytte skurdlasten på, då ein nyttar materiale som elles ville ha gått til papirindustrien.

Innvendig er veggene behandla med ein gjennomsiktig mørk trelasur for å minimere gjenskin til glasveggen. Hyller, benker og eit lite bord er bygde i massivt tremateriale, gjerne med same fargebehandlinga, for å behalde monotonien som passar godt til det komplekse inntrykket utanfrå, og for å ta bort det visuelle nærværet til interiøret. 
 
Enkelt og sparsamt
Dei to nye romma er bygde på same måten som det norske stabburet, det vesle tømmerhuset som ein brukte til å lagre mat i, og som gjerne stod heva over bakken på små steinstøtter for at mus og rotter ikkje skulle kome seg inn.

Desse «fuglekassene» står i svært bratt terreng, på somme stader med rundt 60 graders helling, og romma er løfta opp i terrenget og kviler på stålstøtter med diameter på 30 mm. På det meste er romma løfta fleire meter over bakken, noko som gir den som oppheld seg i dei, ei kjensle av å vere på ein luftig og litt spennande stad.

Dei to nye romma har eit meir minimalistisk arkitektonisk språk, konstruerte som tømmerhytter og med same typen tømmer i golv, tak og vegger. Dette skaper ein monotoni i uttrykket som opnar for å kunne variere meir når det gjeld andre element, som til dømes storleiken på vindauga. Vindauga er sette rett inn i tømmeret, noko som ikkje er ein vanleg måte å gjere det på. Dette understrekar det enkle i desse to romma, sidan vi har vore sparsame når det gjeld innslag av andre element og materialar. Kvart vindauge har si oppgåve, og skal gi den mest interessante utsikta frå forskjellige punkt i rommet: til ein foss, ei elv, ein fjelltopp og så vidare.

Dørene har ikkje konvensjonelle hengsler, for høgda på huset varierer med 20–40 mm frå februar (på det lågaste) til september (på det høgaste). Hengsla er ein rund stokk som blir sett ned i eit hol i golvet, med eit tilsvarande hol i taket, og dette tillèt at høgda varierer gjennom året. Dørbladet er ei heil glasrute som er slissa inn i den vertikale stokken som utgjer hengsla. Ei spesiell geometrisk løysing i taket gjer at ein kan setje inn og ta ut døra etter at huset er sett opp.

 
Ei blomstereng
Vindaugssmyga i veggen der glasrutene er sette inn, er måla i ulike fargar, utvalde i samarbeid med kunstnaren Knut Wold. Det er alltid fire ulike fargar for dei fire sidene i kvar vindaugsopning, og kvar farge finst berre éin gong i kvart rom.
 
Dette kan minne om ei abstrakt blomstereng, godt for auga både i den frodige sommarsesongen og i den mørke og fargelause vinteren. Slik sett fungerer fargebruken på same måten som den fargerike og dekorative rosemålingstradisjonen som har vore brukt i tradisjonelle norske tømmerhus – men på eit dempa og modernistisk vis.
 
Prosjektgjennomføring:
 
Første fase:
Kunde: Knut Slinning
Prosjektarkitektar JSA: Jan Olav Jensen (pl), Børre Skodvin, Torunn Golberg, Helge Lunder, Torstein Koch, Thomas Knigge 
Landskapsarkitekt: Jensen & Skodvin
Rådgivande ingeniør: sivilingeniør Finn Erik Nilsen
Kunstnar: Knut Wold 
Planlagt: 2004–2009
Bygd: 2007–2009
Status: ferdigstilt
Areal: 800 m2
 
Andre fase:
Kunde: Knut Slinning
Prosjektarkitektar JSA: Jan Olav Jensen (pl), Torstein Koch
Landskapsarkitekt: Jensen & Skodvin
Rådgivande ingeniør: sivilingeniør Finn Erik Nilsen
Kunstnar: Knut Wold 
Planlagt: 2012–2013
Bygd 2012–2013
Status: ferdigstilt
Areal: 30 m2
 
Lokal forankring
Heile byggjeprosessen tok fem år, og omfatta både restaurering av gamle bygningar på garden, pleie av kulturlandskapet, teikning, planlegging og gjennomføring av arbeidet.
Alt snikkararbeidet utvendig og innvendig er gjort av naboar og lokale handverkarar i Valldalen, blant andre Valldal Bygdeservice. Det einaste vi trong hjelp til utanfrå, var å montere vindauga.