På ein stupbratt elvebarde, innimellom bjørk,
osp, furu og skulpturelle steinar, ligg Juvet, det første landskapshotellet i
Europa. Sju rom er bygde kvar for seg i landskapet. Ved første augekast ser dei
nokså smålåtne og stillfarne ut. Men når du opnar døra og stig inn, er det som
om naturen strøymer mot deg gjennom dei enorme panoramavindauga. Du kan nesten
kjenne trea kitle deg på ryggen, og kvite dropar frå elva Valldøla lande på
kinnet ditt.