Loading good stuff...
menu
 

Sove & bade

Når dagen har vore fylt med aktivitetar og nye inntrykk, er det godt å krype ned i ei god seng når natta kjem. På Juvet har vi gode senger – i mange ulike typar rom:
 
20 senger i landskapsromma:
Dei sju første landskapsromma er dobbeltrom som er bygde kvar for seg i landskapet. Ingen av romma er like, men alle har mørkt interiør for å ikkje ta merksemda frå naturen, og alle har glasvegger med storslått utsyn over elva, dalen, fjella, tunet eller juvet nedanfor.
 
Dei nye enkeltromma eller «fuglekassene» er konstruerte på ein litt enklare måte enn dei første landskapsromma, og innvendig er dei i lyst tre og i lafta teknikk for å minne om dei gamle stabbura.

15 senger i dei gamle husa på garden:
Vi har tolv gode senger i soveromma i våningshuset, to senger i selet på tunet og ei seng i kvernhuset nede ved elva.

Merk: I Noreg seier vi med eit kjent dikt at «vi skal ikkje sova bort sumarnatta – ho er for ljos til det. Då skal vi vandra i saman ute, under dei lauvtunge tre». For dei som har vanskar med å sove i lyset frå sommarnatta (særleg dei som etterlyser gardiner i landskapsromma, men sjølvsagt ikkje får det), har vi nokre augemasker på lur.
Vi treng alle å sove og kvile godt for å møte det som dagen gir oss.
 
Alle rom har trådlaust Internett.
 
 
Bade

Ingenting er så velgjerande som reint, frisk fjellvatn. Etter segna held den som drikk av vatnet frå Olavskjelda på Alstad, seg frisk og ungdommeleg. Når du nyttar badeavdelinga vår, badar du såleis nesten i heilagt vatn – men først og fremst får du nyte dei magiske eigenskapane som reint, friskt og velgjerande fjellvatn har.

Vi har bygd badeavdelinga inn i bakken ved elva, heilt i sitt rette element. Du får ikkje auge på denne kjelda til ro og velvære frå tunet, sjølv om ho er berre nokre lette steg unna, like under føtene dine. 

Merk: Dette er ikkje eit «beauty spa» der du får agurk på auga og gjørme i ansiktet, men om du ønskjer det, bestiller vi gjerne massør frå Valldalen til deg. Minimum to personar.

I badeavdelinga har vi
  • dampbadestove
  • dusj og omkledingsrom
  • utandørs varmestamp
  • avslappingsavdeling med peis og rom for formelle og uformelle samkome
  • stillestove der du kan nyte elva som sig forbi
Det er godt å roe ned dagen akkurat her. Kanskje er du stiv og støl i kroppen etter ein dag i skibakken eller ein klatretur til fjells, eller kanskje er hovudet ditt berre fullt av inntrykk. Lat kroppen nyte godt av roa og det velgjerande vatnet, lat deg inspirere av moderne arkitektur midt i naturen, og lat tankane dine flyte av garde i straumen frå Valldøla. Du kan også ta deg forfriskande dukkert i elva – men ver merksam på at straumen kan vere sterk!