Loading good stuff...
menu
 

Partnarar

 
SAMARBEIDSPARTNARAR
Valldal Naturopplevingar
Vått – vilt og vakkert!
Når vi tek deg med på opplevingar på elva, kayakpadling på fjorden og klatring, og når vi treng røynde guidar i området, samarbeider vi med Valldal Naturopplevingar.
Selskapet har vore i drift sidan 1994 og kan det dei driv på med etter nær tjue sesongar med til saman fleire tusen gjestar.
Bli med guidane i Valldal Naturopplevingar og få nærkontakt med elementa, både til lands og på vatnet:
– rafting i Valldøla
– tur på fjorden på padlebrett eller med havkajakk
– juving ved Gudbrandsjuvet
– klatring, rappellering og grottetur
– tur og overnatting i villmarksleiren
 

Nasjonale turistvegar
– vakre køyreturar i unik norsk natur
Det finst framleis vegar som ikkje berre har som mål å ta deg raskast mogleg fram. Nasjonale turistvegar er vakre køyreturar litt utanom det vanlege. Kvar av dei 18 utvalde vegstrekningane som er med i denne storsatsinga, har sitt særpreg og sine forteljingar. Statens vegvesen legg vegane til rette for oss som reiser – gjennom spektakulære utsiktspunkt, servicebygg, parkeringsplassar, møblar, stigar og kunst.
Nasjonale Turistvegar er kanskje den største enkeltsatsinga Noreg har gjort innanfor reiselivet. Dristig og nyskapande arkitektur i storslått natur er eit særpreg ved dei nasjonale turistvegane – som til dømes Gudbrandsjuvet og Trollstigen i nærleiken av Juvet landskapshotell.
Menneska har alltid reist for å sjå storslått arkitektur, men det har for det meste vore for å sjå monumentale klassiske byggverk som gamle byar, slott, kyrkjer og liknande. No kjem det folk frå heile verda for å sjå dei fantastiske byggverka i moderne arkitektur som Nasjonale turistvegar har ført fram – og i storslått natur som tek pusten av deg – iallfall om du skulle våge deg ut på kanten av utsiktspunkta på Trollstigen og Gudbrandsjuvet i området vårt, og til dømes Stegastein i Aurland.
Journalistar som skriv om arkitektur, design, livsstil og reiseliv, fyller mange spaltemeter om dette heilt spesielle prosjektet som er sett ut i livet av Statens vegvesen – dei som vanlegvis er opptekne av motorvegar, av dårlege vegar, av asfalt og av tryggleik. Ein kjend arkitekt sa ein gong: «The best buildings are those in difficult terrain.» Det ser ein tydeleg når ein vitjar dei flotte stopp-punkta til Nasjonale turistvegar.


Sagafjord Hotell
Opplev fjella i Hjørundfjorden frå Sagafjord Hotel
Frå det nyrenoverte Sagafjord Hotel på Sæbø i Hjørundfjorden kan enkeltpersonar og grupper oppleve storslått natur og spennande aktivitetar i hjartet av Sunnmørsalpane.
Dersom nokon er usamde med oss når vi seier at Hjørundfjorden er den vakraste av alle fjordane i Noreg, så må det vere fordi dei ikkje har vore der. Grunnen til at vi set så stor pris på dette området, er at det er så levande. Ein svært vakker fjord er omkransa av dramatiske alpine tindar, og langs heile fjorden bur det folk. Her får du sjå kulturhistoria lys levande, ikkje konservert og stua bort på eit museum.
Det var hit dei første turistane kom for meir enn hundre år sidan, og den alpine historia starta her då fjell-pionerane festa blikket mot dei høgste toppane og la i veg: Slingby, Mohn og Randers. Det er ikkje rart at dei har fått fjelltoppar kalla opp etter seg.
På Øye i utløpet av Norangsdalen ligg Hotel Union Øye, som dei europeiske aristokratane valfarta til ved førre hundreårsskiftet.


Hotel Brosundet og 62 grader nord
Bli med 62 grader nord ut i naturen – og inn i kulturen
62 grader nord tilbyr skreddarsydde reiseopplevingar heilt utanom det vanlege – ved 62. breiddegrad. Turar til fugleøya Runde og havrafting med RIB-båtar er blant dei populære aktivitetane du kan vere med selskapet på.
Når dagen er over, kan du kvile hovudet på ei pute ved sundet som har gitt Ålesund namn, i særeigne Hotel Brosundet midt i Ålesund. Hotellet ligg i ei sjøbu frå gjenreisinga etter bybrannen i 1904, og er innreidd av det verdskjende arkitektfirmaet Snøhetta på ein overraskande og svært spennande måte.
62 grader nord har også andre senger du kan overnatte i – til dømes på Storfjord hotell ein liten halvtimes køyretur aust for Ålesund, og på Hotel Union Øye i Hjørundfjorden. Dette historiske hotellet blei bygd i sveitsarstil i 1890, og hundre år seinare blei det restaurert tilbake til sin opphavlege stordom av ein lidenskapeleg Per Ola Ratvik. Han samla interiørdetaljar frå heile Europa til hotellet, og har klart å gjenskape stemninga frå den gongen keisar Wilhelm og representantar frå dei andre kongehusa i Europa valfarta hit. Overnattar du her, er du i godt selskap med kjende forfattarar, utforskarar og mange andre som har vitja området av rein kjærleik.


Stranda skisenter
– Ein ynda stad for ski- og snøbrettkøyrarar
Off-piste-køyring på Strandafjellet
Det storarta Stranda skisenter gir ein ihuga skikøyrar som liker off-piste-køyring og å lage låm utanfor allfarveg, eit kick på grensa til det uventa. Skisenteret ligg berre 45 minutt unna, og er kåra til det beste pudderanlegget i Skandinavia.
Vi ordnar gjerne med guide om du treng hjelp til å finne dei bortgøymde perlene, slik at du får lage dine eigne løyper.
Delar av anlegget er opplyst for kveldskøyring, og topp moderne snøkanonar sørgjer for at det er gode snøforhold gjennom sesongen. Dei som føretrekkjer å gå på ski framfor å stå på ski, kan nyte 15 kilometer med oppkøyrde løyper i eit «grenselaust» og herleg turområde.
Stranda er også eit perfekt utgangspunkt for toppturar til for eksempel Brunstadkollen og Ytstevasshornet, og til Slogen og turistforeiningshytta Patchellhytta. 
Dette er eit fantastisk område for vinterentusiastar av alle slag, og med seks skiheisar, skiband, barnepark, terrengpark, sytten nedfartar og kanskje det beste frikøyringsområdet i Skandinavia får dei fleste vinterelskande menneske dekt behova sine.


Fisketur med Actin
– Du får minne for livet
Actin tilbyr unike friluftsopplevingar for både enkeltpersonar og bedrifter – både i skiløypa og i båt på fjorden eller til havs. Bli med dei på havfisketur på Mørekysten – eller på kveitefiske på Runde. Du er garantert å få fangst!
Kvar årstid har sine gleder, og Actin tek deg med på tur i vakker natur med Sunnmøre som utgangspunkt og hovudmål. Om du reiser åleine eller saman med venner eller arbeidskollegaer, har du med deg gode friluftsminne når du reiser heim. Actin er kjend for sin gode service og lokalkunnskap, og for å gi gjestene sine spesielle matopplevingar.
Er du ikkje redd for sjøsprøyt, kan du dra på havfiske med Actin og Stein Magne, ein av dei mest røynde havfiskeguidane ved kysten. Svein Magne garanterer alltid fangst – og ikkje minst får du nokre gode historier med på ferda. Fangsten kan du ta med deg tilbake til Juvet, så lagar vi noko godt. 


Jordbærstova
– Ein smak av Valldal, ein smak av sommar
Når vi på Juvet skal feire noko spesielt, bestiller vi sjølvsagt jordbærkake frå Åse på Jordbærstova. Jordbærstova ligg midt i jordbærland på Valldal gard. Her kan du nyte eit godt måltid mat, ei god natts søvn – og få med deg ei spennande vandring i jordbæråkrane til naboane.
Jordbær er ein naturleg ingrediens i den heimelaga maten dei serverer – når det er sesong for det. Spesialiteten er ein lunsjbuffé som dei serverer kvar søndag – eller på bestilling til minimum 20 personar.
Jordbærstova er bygd på det gamle tunet Solheim på Valldal gard. I 1979 gjekk det store snøraset Valldalsfonna som øydela garden med butikk, fjøs, bustadhus og campingplass med ti hytter og sanitæranlegg. I dag er garden restaurert og sett i stand, og tilbyr både lekker mat og gode senger. Fjøsen er gjort om til suvenirbutikk med lokalt handverk, syltetøy og deira eigenproduserte eplemost av økologiske eple.
Blir du med på ei vandring i riket til Jordbærstova, får du ein velsmakande dose lokalkunnskap. Du besøkjer då åkrane til naboane rundt og får sjå korleis dei kvar sommar haustar tonnevis med jordbær – og du får sjølvsagt smake deilig, nyplukka jordbær.


DID adventure
Spennande aktivitetar i vakker natur
Liker du spennande aktivitetar ute i den frie naturen, i lag med større eller mindre grupper av menneske? Då gler Did adventure seg til å arrangere ein minnerik tur for deg og gjengen.
DID skreddarsyr sportslege aktivitetar i heile Møre og Romsdal for mindre og større grupper, med omsyn til kva personane i gruppa kan og meistrar, og har sidan 2005 hatt med seg fleire tusen menneske på tur.
DID bruker naturen på ein kreativ måte, set tryggleik og meistring i høgsetet – og gler seg til å ta med folk på kajakkpadling, rappellering, klatring, toppturar på ski eller til fots, pistolskyting, fisketurer, aking og «Operasjon Nautilus».
DID syter for alt de treng på turen: guidar, aktivitetsutstyr, båtar, transport, mat og drikke, overnatting, tryggleiksutstyr, backup-planar – og ikkje minst god stemning!


Jugendstilsenteret
Ålesund er byen for dei som er interesserte i arkitektur og kunst!
Jugendstilsenteret held til i det gamle, urørte apotekbygget som er eitt av dei nesten 600 husa som blei bygde opp att i art nouveau-stil eller jugendstil etter bybrannen i 1904. Besøk Jugendstilsenteret og få eit innblikk både i historia om bybrannen og den store gjenoppbygginga av byen – og for å få med deg ei kunstutstilling eller to i kunstmuseet KUBE.
Reiser du med barn, har både du og barna stor glede av å oppleve historia til byen gjennom tidsmaskina på Jugendstilsenteret og gjennom det spennande multimedieshowet som viser byen før og etter brannen.
Ta deg en rusletur gjennom dei mange romma i den freda bygningen kjend som «Svaneapoteket», og nyt det vakre, autentiske interiøret. Dei permanente utstillingane har tema som «Fra aske til jugendstil», «Håndverk og arkitektur» og «Den vakre jugendstilen». Multimedieutstillinga «Drøm & virkelighet» viser forholdet mellom samfunnet, kulturen og framvoksteren av jugendstilen. På Jugendstilsenteret er det også utstillingsrom for temporære visingar.
Ålesund er medlem av Rèseau Art Nouveau Network, eit europeisk nettverk av jugendstilbyar som omfattar blant andre Brussel, Glasgow, Barcelona, Nancy og Wien. Jugendstilsenteret har også ein særprega kafé der du kan nyte smørbrød, kaffi og kaker, og ein museumsbutikk med eit utval av kvalitetsartiklar. Senteret har ein teiknekrok for barn.


Hotel Union Geiranger
I over hundre år har gjester kome til Hotel Union Geiranger for å overnatte – og for å oppleve. Hotellet blir i dag drive av fjerde generasjon Mjelva, som ønskjer gjestene sine hjarteleg velkomne til eit komplett og moderne hotell midt i det verdskjende og vakre fjordlandskapet rundt Geirangerfjorden.
Vertskapet inviterer deg såleis også inn i naturen sitt mektige rom, med stupbratte fjellvegger, fossar som buldrar og ein djup, mørk og stundom heilt stille fjord. Medan du tek inn synet av naturen rett utanfor vindauga og lærer om fjellgardane og dei utrulege historiene derifrå, kan du nyte eit opphald med ugløymeleg service, lokal mat laga av utsøkte råvarer og eit spa for velvære og ro.  
Meir enn hundre år med kvalitet og personleg service er ikkje tilfeldig. Vertskapet på Hotel Union Geiranger veit at dei gode opplevingane blir skapte av små, gjennomtenkte detaljar, og både stab og vertskap er stolte over å få lov til å oppfylle små og store draumar for gjestene sine.


Geiranger fjordservice
Majestetisk natur, frodige fossefall, mektige fjell og ein klar, djup fjord – Geiranger fjordservice er den lokale aktøren som vil sikre gjestene ei heilt spesiell oppleving i dette verdsarvområdet.
Det er den majestetiske naturen, dei frodige fossefalla, dei mektige fjella og den klare, djupe fjorden som har sikra Geiranger ein plass på verdsarvlista til UNESCO. Kvart år kjem det hundretusenvis av gjester hit for å sjå og oppleve, og Geiranger Fjordservice ønskjer å gi kvar enkelt gjest ei god oppleving av området.
Geiranger Fjordservice har lokale eigarar og kontor i Geiranger. Hos dei kan du leige syklar og bilar, og selskapet tilbyr i tillegg anna transport, guiding og ulike opplevingsaktivitetar.
 

Walaker hotel
Rett ved fjorden i den idylliske bygda Solvorn i Luster kommune ligg Walaker Hotell. Hotellet har gått i arv frå generasjon til generasjon, og er eit sjarmerande familiehotell og ein attraksjon i seg sjølv. Hotellet har vore i familien Nitter Walaker sitt eige sidan 1690, og er det er det eldste familiedrivne hotellet i Noreg, med ei historie som strekkjer seg over 370 år bakover i tida.
Walaker Hotell har gjesterom i tre forskjellige hus, alle i forskjellige stilartar. I hovudhuset er det rom med gamle tapet og byantikvitetar. I Tingstova er det meir bonderomantisk med rom frå ulike stilepokar som «Empire», «Louis 14», «Barokk» og «Rokokko» – alle med flotte, spennande bad.
Til 300-årsjubileet til familien Nitter Walaker i 1990 vart Galleri Walaker 300 opna i det gamle uthuset rett bak hotellet. Bygningen slik han står i dag, vart bygd i 1883 med materialar frå tømmerkyrkja i Solvorn, bygd ca 1600. I den verneverdige fjøsbygningen vert det arrangert utstillingar av lokale og nasjonale kunstnarar. Første utstilling opnar 1. mai, og den andre utstillinga opnar den 12. juli. Fleire av kunstnarane er til stades på opninga.