Loading good stuff...
menu
 

Mat & drikke

Maten et vi ved langbordet i kufjøsen. Over bordet går praten livleg. Mange av gjestene kjem langvegsfrå, dei har reist vide ikring, og dei møtest og finn kvarandre over eit godt måltid. Sjølv om vi kjem frå ulike land og ulike kulturar, har vi mange fellesnemnarar og mykje å prate om – det kan vere yrke, hobbyar, barn, dyr, stader vi har vore, og stader vi drøymer om å sjå.

Frukost frå kl. 09.00
Det skal vere råd å slappe av og nyte morgonen før frukost, vakne tidleg og kanskje breie dyna over hovudet og sove litt til. Derfor er det ikkje frukost før kl. 9 på Juvet – med mindre du skal opp og ut tidlegare (til dømes for å nå ei ferje eller eit fly).

Vi startar dagen med godt brød. Vi set ikkje fram så mange forskjellige sortar pålegg, men du kan rekne med å få nyrørt syltetøy til brødskiva eller frukostblandinga, heimelaga eggerøre og røykelaks gjort på gamlemåten. I tillegg til nytrakta kaffi og te kan du få ferskpressa eplesaft frå dalen.

Lunsj
Sidan gjestene våre anten er på veg til neste destinasjon eller ute på utflukt, har vi vanlegvis ikkje lunsj. Det er høve til å smørje seg nistemat under frukosten, og skal du ut på tur, kan du sjølvsagt få med deg ein termos med noko varmt dersom du ønskjer det.  

Middag
Middag et vi når gjestene våre er komne til gards att etter dagens utferder. Då set vi oss saman rundt bordet for å nyte maten og praten etter dagens opplevingar. Vi serverer tradisjonsrik og god mat, laga av lokale råvarer – naturlegvis.

Forrett
Til forrett serverer vi til dømes lettrøykt kval, gravlaks eller ei spennande suppe.

Hovudrett
Kanskje står ein rett med hjort, rein eller villaks på menyen, eller vi serverer ein av våre spesialitetar: bacalao. Det spørst når på året du er her.

Dessert
Til dessert får du heilt sikkert noko som smakar av Valldal – dalen som er kjend for jordbæra si, og som også kan skilte med nydeleg bringebær og smaksfylte plommer, blant anna. Ved fjorden ligg grenda Linge, verdas nordlegaste kommersielle frukthage, så vi har mangt godt å by gjestene våre.

Dersom nokon har noko å feire, hentar vi den vidgjetne jordbærblautkaka frå Åse på Jordbærstova.
 
«While I was there, Knut’s daughter prepared a meal of salted fish and local sausages, vegetables, and cheeses. I felt more like a friend invited over for the weekend than a paying guest.»


Steve – gjest og journalist frå USA,
Afar Magazine
Drikke
Juvet har skjenkjeløyve for både øl, vin og brennevin. Vi serverer gjerne ein smak av det lokale ølmerket Slogen frå Trollbryggeriet i Liabygda 20 km unna. Når det gjeld raudvin, serverer vi det som vi synest passar til maten – ein god italienar til kjøt til dømes, og til bacalaoen har vi sjølvsagt ein portugisar. Er du glad i kvitvin, er det Chablis og Soave som gjeld – og vi har sjølvsagt litt sjampanje på lur.
Om du vil ha noko til kaffien, har vi blant anna ein norsk epledram frå Egge gård i Lier – det norske svaret på Calvados.
 
Grupper på besøk
For grupper organiserer vi maten og måltida i samråd med deltakarane, slik at dei får eit godt opplegg under opphaldet her.
 

Mat langs nasjonale turistvegar
Juvet landskapshotell er ein del av prosjektet «Mat langs nasjonale turistvegar». Tilbydarar av måltidsopplevingar langs nasjonale turistvegar er ambassadørar for det gode måltidet, med omtanke for råvarene, kvaliteten, historia og det gode vertskapet.

Les meir om prosjektet «Mat langs nasjonale turistvegar»